Folkemusikk-NM for fyrste gong
I løpet av ei snau veke skal det kårast eit dusin norgesmeistrar. Og vonleg i tillegg ein «norgesmeister» i arrangement.
Geilo spelemannslag og Ål spel- og dansarlag tek mål av seg til det siste.
I tida frå 23. til 28. juni er dei saman om å arrangere det aller fyrste NM i Folkemusikk som nokon gong er avvikla.
Det meste av førebuingane er i rute på Ål og Geilo. Men framleis treng arrangørane 200-300 fleire frivillige hjelparar. Difor har dei følgjande oppmoding: Kjære folkemusikkven, meld deg til teneste!
Totalt har ein bruk for nær 700 dugnadsfolk.
For dei som skal kjempe om NM-titlane, er påmeldingsfristen ute.
I alt er det 1.753 påmelde, og det er arrangørane svært tilfreds med.
Det er til samanlikning over 500 fleire enn då Landskappleiken vart arrangert på Geilo for to år sidan.
Kor mange gonger dette talet må gangast opp for å få talet på tilreisande som vil innta Ål og Geilo desse dagane, er usikkert.
– Me kan fort risikere at det kjem 7.000, meiner Øyvind Kvile, som er leiar i arrangementskomiteen.
Pressesjef Inger-Brit Vindegg kan også rapportere om stor interesse frå media, truleg som eit resultat av at det er NM for fyrste gong.
Bakgrunnen for at dette storarrangementet kom i stand, var at Ål var tildelt Landsfestivalen i gammaldansmusikk i 2009. Ingen hadde derimot meldt seg som interessert i å arrangre Landskappleiken. Dermed vart det kontakt mellom laga på Ål og Geilo om eit mogeleg samarbeid, og dei to arrangementa vart slått saman til NM i Folkemusikk.
Det heile startar i Ål Folkepark tysdag 23. juni. Deltakarane i open klasse er dei fyrste som skal i elden.
Før den fyrste norgesmeisteren blir kåra er det ei rekkje spennande aktørar som skal i aksjon. Mellom dei er «Blåmann, Blåmann» med Odd Nordstoga & co., ei gruppe som det er lenge sidan sist var på scena.
Seinare utover veka går det slag i slag, med finalar kvar kveld.
Nytt av året er at den gamle, og for mange, forvirrande klasseinndelinga med A, B, C og D er borte. I alle øvingar er det no berre to klassar, ein seniorklasse og ein juniorklasse (under 18 år).
– Ein må våge å prøve noko nytt. Og er det NM, så er det NM. Men dette er nok noko det kjem til å bli preika om, meiner Kvile og Vindegg.
NM i Folkemusikk har eit budsjett på 4 mill. kroner. Det offentlege tilskotet frå stat, fylkeskommune og kommunar er på 540.000 kroner, som er meir enn nokon gong tidlegare.
RSS
KONTAKT OSS
