I dag kjem dampen
Frå fredag blir det stas på Bergensbanen – då kjem damptoget attende. Sjå programmet her.
Som ledd i 100-årsfeiringa skal eit veterantog gå ein spesiell jubileumstur frå Hønefoss til Bergen, med start 5. juni. Dette skjer i regi av Norsk Jernbaneklubb og Norsk Museumstog.
Toget vil bli møtt med hornmusikk, allsong, blomar, utstillingar, taler og ei lang rekke festlegheiter på kvar einaste stasjon. Skular har fått fri og det er tillyst teiknekonkurransar for skular og barnehagar. Det er og mogleg for publikum å ta toget frå ein stasjon til den neste.
Gulsvik
Veterantoget kjem til Gulsvik fredag 5. juni kl. 11 og blir ståande ein time. Her skal elevar synge og ordføraren tale. Eit historisk tablå blir det og, i tillegg til utstilling av gamle bilete.
Nesbyen og Gol
Til Nes kjem toget fredag kl. 13 og blir ståande til 14.30. Tale ved ordføraren, korpsmusikk, folkedans, song, film, utstilling, veteranbilar, hesteskyss og utstilling av gamle gjenstandar står på programmet.
På Gol står toget frå ca. kl. 15 til 1630. Her skal det m.a. syngjast jubileumskantate og rallarviser ved mannskoret Stjernen, det blir ordførarhelsing, allsong og omvising i toget før det går vidare.
Ål
På Ål blir toget teke imot med hornmusikk kl. 17. Også her stiller mannskoret Stjernen med rallarviser og jubileumskantate. Den gamle kafedrifta på Ål stasjon blir livna opp att med servering av den legendariske lapskausen denne stasjonen var så kjend for. Vidare blir det toradermusikk, dans på perrongen og kulturvandring til lokstallen – den einaste i Hallingdal.
Om kvelden blir det og premieutdeling for teiknekonkurransen med tema "tog", og det blir kulturprogram på Thon Hotell Hallingdal med historiske presentasjonar, bilete, historier, rallarviser, toraderspel, dans og rallarkafe med eigen meny. Til denne kvelden er det gratis inngang.
Geilo
Toget tek seg så ei vel fortent overnatting på Ål før det køyrer vidare til Geilo laurdag morgon. Der står toget frå kl. 9 til 1020, og programmet her er eit samarbeid med Dr. Holms Hotel, som også fyller 100 år i år, og som vart bygd som ei følgje av den utviklinga jernbanen førte med seg.
Her møter me "Kong Haakon VII" i eit historiske tablå, Geilo Musikklag spelar og Pål K. Medhus framfører ordførar S. Reinton sin tale frå opninga i 1909.
Finse
Toget går vidare og kjem til Finse kl. 1130 laurdag. Her blir det omvising i Rallarmuseet, som har offisiell opning på si nye utstilling. Passasjerar som reiser med toget, kan returnere til Hallingdal med austgåande dagtog. Veterantoget står på Finse til kl. 1310 og går vidare til Voss. Der blir det ståande til neste dag, då det stoppar ved fleire av stasjonane på sin vidare tur vestover til Bergen.
Dette er ein "tjuvstart" på sjølve den store jubileumsfeiringa, som skjer 27. november. Sjølve markeringa denne dagen skjer lokalt i kommunane.
RSS
KONTAKT OSS
