Torsdag 11.mars 2010
Nye tonar: Årets kyrkjekonsert var både eksperimentell, og veldig lokal.

Hakeslepp i kyrkja

Ein ung dirigent, to sterke individualistar og eit blandakor laga ny musikk frå Hallingdal.

A A A

Det er alltid kick å oppleva ein konsert med vår eigen Terje Isungset. Geilingen går sine eigne vegar. På scenen er han til dei grader i musikken; han er hundre prosent til stades, han overraskar og underheld, og kanskje viktigast, han skaper store opplevingar for publikum. Slik vart det også under årets kyrkjekonsert i Den Norske Folkemusikkveka torsdag.

Jazz- og folkemusikksoldatar

Men det er ikkje berre lyden av Isungset som fascinerer. Det er litt av eit sirkusnummer å sjå mannen i aksjon. Med det sjølvkomponerte slagverket med stein, trepinnar, små og store bjeller, lok og ringar og røyr, er det eit sant syn. Når han set i gang komponentane i rytmemaskineriet, er det som å møte eit kavaleri; fylt med jazz- og folkemusikksoldatar, skulder ved skulder, på veg opp gjennom Hallingdal på Rv7. Heilt rått å sjå, heilt rått å høyre. Dessutan vart det litt trist; å konstatere at eit plastikk-trekkerøyr for elektrikarar fungerte like fint som ei seljefløyte. Det sørgde Isungset for.

Leik og fantasi

I musikken utfordrar Isungset bruken av tradisjonelle instrument. Eg har aldri opplevd nokon spela munnharpe slik han gjer det. Han pustar, pesar, snakkar og spelar harpe samstundes. Framfor alt kan du høyre at han er perkusjonist. Under konserten torsdag gynga hovuda i kyrkjebenkene. Mange element dukkar opp, frå rap og hiphop, til bluesgroove og tradisjonelle slåttar, til original isungset til suggesiv world music. Det er ope, leikent og fantasifullt, og eigentleg har Isungset mange likheitstrekk med kommunebror og fotokunstnar Knut Bry. Begge lagar dei kunst som opnar hovudet for nye tankar. Har det noko med fjellufta å gjera?

Matcha kvarandre

Men Isungset var langt frå åleine under konserten. Den flotte svenske kvedarvokalisten og felespelaren Lena Willemark var i høgste grad med på leiken til Isungset. Dei to har spelt i lag gjennom fleire år, og har blant anna turnert som duo. Det kunne høyrast. Dei kommuniserte og matcha kvarandre. Ho med klokkeklar og sterk stemme. Dei to individualistane utfordra og spelte i lag med Ål-koret. Og det er berre å ta av seg hatten for den 22-år gamle dirigenten Sigurd Tunestveit frå Ål og koret. Trygg og stø styrde Tunestveit skuta. Han hadde sjølv meisla ut fleire av arrangementet, eit par songar var nyskrivne. Derfor vart kyrkjekonserten også ein kunstnarisk suksess for Tunestveit og koret. Ungguten vil truleg gje oss mange musikalske opplevingar i framtida.

Fin balanse

Eitt av høgdepunkta i konserten var då Willemark lokka på perkusjonist Isungset. Ulike primitive menneskelydar og sang om kvarandre, samt ein stor porsjon komikk. «Kom nu! Ja, men kom nu då!» sang ho til perkusjonisten som uttrykte seg på bukkehodn, og som aldri heilt klarte å leggje på sprang mot ho.

Sjå fleire bilder frå konserten!

Utskriftsvenleg versjon | 11.03.10 kl. 15:16 | http://www.hallingdolen.no/kultur/article83462.ece

annonse
annonse
annonse
annonse