Dansar med Rybak
Hallingar dansar halling for Grand Prix-stjerna Alexander Rybak.
Ålingen Ulf-Arne Johannessen skal vera med på nærmare 20 danseoppdrag med det norske Grand Prix-håpet Alexander Rybak i sommar.
Torping Martin Myhr er også hyra inn på fleire jobbar, og døglingen Anders Aasberg er klar frå hausten av. Al
le tre er med i Frikar-ensemblet som har koreografert og står for danseshowet rundt Rybak.
– Dette er berre kjempemoro. Eg har til no gjort ein jobb med Rybak, han er ein bra entertainer. Flink med publikum, seier Ulf-Arne Johannessen.
Han fortel at det er ein krevjande koreografi som er laga til storhiten «Fairytale». Sjølv er ikkje Johannessen i tvil. Rybak kjem til å vinne i Moskva.
– Det er ei catchy låt, ærleg og solid pop, seier dansaren.
Lausveteran Martin Myhr er førebels booka inn på fem jobbar med Rybak. Han meiner det er svært positivt for lausdansen å delta i Grand Prix-showet.
– Me merkar ei stor auka interesserte for lausdans i heile Norge. No kan me i prinsippet starta opp laus- og dansetrening over heile landet. Det starta eigentleg etter Norske Talenter i fjor, forklarar Myhr.
Anders Aasberg frå Dagali har også sagt ja til Rybak-oppdrag på haustkanten. I sommar har han ei stor danserolle i dansestykket «TidarÅ» som skal gå saman med Peer Gynt-framsyninga i Gudbrandsdalen.
«TidarÅ» er årets store satsing for Frikar. Frå hausten av reknar Aasberg med at han kan leva 100 prosent av dansen.
– Med oppdrag gjennom Frikar og med eigne prosjekt skal det gå, seier Aasberg.
Unge Rybak nyt stor stjernestatus om dagen. Semifinalen i årets internasjonale Grand Prix-tevling er 14. mai. Finalen går to dagar etter.
Til songen «Fairytale» har han med tre dansarar. Til Moskva og i den norske finalen var det Hallgrim Hansegård, Torkjell Børsheim og Sigbjørn Rua som dansa.
Frikar har óg vorte ein stor suksess. Dansetroppen hadde ein start på Den Norske Folkemusikkveka på Ål for fire år sidan med framsyninga «Laus», året etter kom «Kruk».
Danseforma halling, eller lausdans som ein kallar dei i Hallingdal, er sjølve grunnlaget for Frikar-gruppa.
RSS
KONTAKT OSS

