Hellbillies varmar opp for heltane
Lynyrd Skynyrd og Hellbillies spelar saman i Oslo Spektrum.
I fjor sommar varma Hellbillies opp for Bob Dylan på Stavanger stadion. I sommar er ålingane specials guests for det legendariske bandet Lynyrd Skynyrd.
Det musikalske meistermøte finn stad 23. mai i Oslo Spektrum.
– Dette er morosamt det, seier vokalist og låtskrivar Aslag Haugen i Hellbillies. Å vera special guests betyr at bandet opnar heile konsertkvelden. Det er mindre sannsynleg at dei skal spele saman
- Men berre det å spele på sama scenen, same kvelden, er ei stor ære, påpeikar Haugen.
– Me skal vel spela ein 45 minutt, tenkjer eg.
Det er mykje nostalgi, god musikk og gamle minner for Hellbillies og Haugen knytt til Lynyrd Skynyrd. I det lokale bandet Shag, forløparen til Hellbillies, vart det spelt mange Skynyrd-låtar.
– Me høyrde masse på Skynyrd og var kjempefans den gongen. 70-talsplatene til Skynyrd er svært sterke. Bandet var store heltar for oss. Fyrste gongen eg høyrde «Sweet Home Alabama», gjekk eg i taket. Låten vart så stor at den no nesten er ihælspelt. Skynyrd var rett og slett eit jævlig tøft band.
– Er Hellbillies inspirert av Skynyrd?
– Mykje er henta frå den same musikalske sekken. Me også miksar stilartar, og er rock og countryinspirerte. Men det er jo eit anna uttrykk. Eg vil si at låtar som «6000 hol» og «Plenklypparen» er Skynyrd-inspirerte låtar.
– Er det ei ære å vera special guests?
– Det er eit flott signal å sende ut at me blir valt til ein slik jobb, og det er jo stas å få spele i Spektrum. Ein veit jo ikkje kor mange som er der når me spelar, seier Haugen.
I dag er det ikkje mange att av originalmannskapet i Lynyrd Skynyrd. Faktisk berre Gary Rossington, etter at pianisten Billy Powell døydde i vinter. Det er framleis Johnny Van Zant, bror til den opphavlege vokalisten Ronnie Van Zant som syng.
RSS
KONTAKT OSS

