Gudsteneste under open himmel
Over naturkatedralen er himmelen alltid open. Dette er eit gudshus utan terskel eller dør. Alle er velkomne til den årvisse gudstenesta Skjærtorsdag.
EIN VÅT septembersundag i 2001 vart Sangefjell naturkatedral signa av biskop Sigurd Osberg.
Møteplassen i 1000 meters høgd med front mot Rødungen fekk sitt kyrkjelege stempel – og hyttefolket i denne delen av ålingsfjellet sin møteplass.
DETTE ER EIT KYRKJEROM som endrar karakter i takt med skiftande årstider og vêr.
Her rår naturens eigen liturgi og formar ein symfoni av inntrykk frå vidder og fjell.
Midt i alt det skiftande ragar dei kristne symbola mot himmelen. Eit høgreist kors i stål har sin dominerande plass. Det kom opp i 2007 og er ein kopi av det gamle trekorset på staden.
Presten og hytteeigaren Jan P. Hagberg er mannen som har gitt dette form. Han har gjennom mange år vore sentral i arbeidet med å realisere visjonen om ei kyrkje på Sangefjell.
Saman med stupulen og kyrkjeklokka er høgalterkorset det som fangar blikket når folk kjem fram mot naturkatedralen. Også stupulen var ny for to år sidan og avløyste den gamle frå 1987.
RAMMA RUNDT katedralen er i naturstein slik han finst i store mengder på Sangefjell.
I muren ligg det seks små kapell, kvart med sitt spesielle uttrykk.
I dette særeigne byggverket, ope for sol og vind, regn og blest, blir Ordet forkynt. Her lyder også innstiftingsorda for nattverden ekstra sterke når vinden slit og snøen føykar rundt prest og kyrkjelyd. Når menneske og naturkrefter møtest ein blåsande, kald skjærtorsdag, gir det dimensjonar til både tru og liv.
TO FASTE GUDSTENESTER i året er det.
Nattverdsgudstenesta i påska og ei i august. Det er alt. Likevel rommar naturkatedralen meir. For mange på Sangefjell er dette eit turmål og ein stad for ettertanke og stille meditasjon.
I møtet med noko som er større enn ein sjølv får truslivet luft og liv. Symbolrikdommen i det enkle rommet der elementa møtest, spinn trådar og knyter trusopplevingane til dei kristne symbola. Korset står dominerande mot himmelen.
Alt saman under ein open himmel, mellom blånande fjell og trassig bjørkeskog.
RSS
KONTAKT OSS

