Fredag 30.juli 2010
Sett pris på: Ola Fauske (88) fekk kongens fortenestemedalje i sølv.

Fekk kongens fortenestemedalje

Eit langt og aktivt kulturliv fekk fredag sin pris. Ola Fauske (88) har fått kongens fortenestemedalje i sølv.

Fontstørrelse A A A

– Eg har kanskje vore litt aktiv, seier jubilanten når Hallingdølen ber han forklare kva han no får utmerking for.

Ola Fauske har gjennom mange tiår både vore delaktig gjennom lokalhistoriske bøker, engasjert i boknemnda, og fast bidragsytar i ”Dølaminne” – årboka til Hallingdal historielag. Han har teke vare på segn, viser, melodiar. Framleis er han aktiv med skrivearbeid.

Fauske har vidareført den gamle forteljartradisjonen, med spesialiteten deklamasjon av ”Peer Gynt” og ”Fanitullen”. Han har vore mykje brukt som kåsør og festtalar.

Ola Fauske var ein rådande dansespelemann i bygda i på 40- og 50- talet. Som tenor var han i mange år aktiv i Hemsedal blandakor. Han har gjeve ut Cd-en ”Huldrehatten”, saman med sonen Knut Fausko. Folkemusikktradisjonen, med stev og viser, ligg Ola Fauske sitt hjarta nær.

Trass i høg alder er Ola Fauske stadig engasjert og ein pådrivar for kulturformidling. Seinast sist sommar hadde han ansvar for kulturvandring i hemsedalsfjella. Gjennom dei siste 20 åra har Ola Fauske saman med sonen, vore aktiv med underhaldning og kulturprogram for gjester både på Fausko skysstasjon, andre stader i bygda og i Hallingdal. Ola Fauske er fødd i Hemsedal 6. januar 1921.

Han tok imot i 1992 Hemsedal kommune sin kulturpris. I sitt 88. år er han æra med kongens fortenestemedalje også.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:07 | http://www.hallingdolen.no/kultur/article71202.ece

annonse
annonse
annonse
annonse