Fredag 30.juli 2010
Nyskriven sang: Hellbillies har laga songen «Skrinet». Aslag Haugen og Lars Håvard Haugen. (Foto: Per Ole Hagen, NRK)

Jul med Hellbillies

Gitarist og produsent Lars Håvard Haugen og Hellbillies skal underhalde heile landet juleeftan.

Fontstørrelse A A A

Ei av dei store NRK-satsingane i 2008 har vore «Postkort frå livet». Radioprogrammet Norgesglasset i NRK P1 starta allereie i mars i år med å invitere lyttarar til å sende inn spesielle historier frå sine eigne liv. Over 200 historier kom inn. 11 av desse vart valde ut til å bli tonesett av nokre av landets fremste artistar.

Ei langspelplate med alle låtane kom ut i november i år. Då var det også stor konsert ved Union Scene i Drammen, med blant andre postkortskribentane til stades blant publikum.

Konserten vart filma. Det er høgdepunkta derifrå som skal sendast på NRK TV juleeftan.

Ålingen Lars Håvard Haugen har produsert alle songane på plata, og han spelar sjølv på fleire av dei. Albumet er innspelt i studioet i Spydeberg som Haugen og Hellbillies brukar fast.

Hellbillies ved Aslag Haugen og Arne Moslåtten har skrive låten «Skrinet». Ei historie om ein einsam gamal mann som døyr på heimen, utan at det er nokon å varsle. Låten er allereie blant dei mest spelte på iTunes frå plata «Postkort fra livet».

Forutan Hellbillies, er Henning Kvitnes, Elvira Nikolaisen, Claudia Scott, Halvdan Sivertsen, Kari Iveland og Hilde Heltberg, Lars Martin Myhre, Marte Wulff, Reidar Larsen og Sigvart Dagsland med.

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:20 | http://www.hallingdolen.no/kultur/article66046.ece

annonse
annonse
annonse
annonse