Klare med punk på halling
Punkbandet PearlyCatz slepper si fyrste plate i neste veke.
Ålingsjentene Anita og Tove Bøygard er igjen plateaktuelle. Denne gong med punkbandet PearlyCatz. Bandet held til i Oslo, men røtene er i Hallingdal. Dei spelar noko dei kallar Hallingpünk og skildrar som ein miks av punkrock, drivande gitarar og stev. Tekstane er på halling. Spesiell gjest på plata er Bjørn Kvinnegard frå Ål på munnharpe.
Tysdag 28. oktober er det platelansering med konsert på utestaden Mir på Grünerløkka i Oslo.
Fest og moro
Vokalist er Anita Bøygard, eller SötZmürf som ho blir kalla i bandet. Søstera Tove, med kallenamn Tove Troll, er gitarist og låtskrivar. Arne Moslåtten har også bidrege på ein songtekst.
– Dette er moroprosjektet vårt, fortel Tove Bøygard. – Me er fornøgde med plata. Det er berre fest og moro og tull og fanteri.
Dei andre medlemmane er Cathrine «Pörly Cat» Halsaa på gitar, Eilert «Snüblefot» Solstad på bass og Runar «Küla» Johannesen på slagverk. Bandmedlemmene har spelt i band som Valentourettes, Meduza og Cadaver.
Fyrste album
I 2006 kom ep-en «No ell alder» og sommarsingelen «Svolten og tyst», og i fjor gav PearlyCatz ut singelen «Harald». Hallingpünk, som er deira fyrste album, inneheld fleire songar som er gjeve ut før, men også nye songar. Plata opnar med låten om «Harald», ein husokkupant som har rømt til bygda, men får lensmannen i hælane. Elles er det songar om ein skinnjakkejævel og ein hjarteknusar. Bandet seier også «Tja til nynorsk».
RSS
KONTAKT OSS
