Fredag 30.juli 2010

- Hadde vore moro å vinne

Fem jenter kjemper om sigeren i bladet Woman sin framsidekonkurranse. Ei av dei er frå Torpo.

A A A

24-år gamle Karoline Kolsrud frå Torpo er ei av fem jenter som no kjempar om å hamne på coveret til bladet Woman.

Kvinnebladet vier mainummeret til lesarane, og inviterte difor til open konkurranse om førstesida.

- Eg høyrte om konkurransen gjennom ei venninne som arbeider i selskapet som gir ut bladet. Då sendte eg inn bilete, fortel Kolsrud.

Vidare fortel ho at ti jenter vart kalla inn til fotoshoot hjå bladet, deretter fekk fem av dei telefon om at dei var vidare til nettavstemninga.

No er det opp til folket å velje vinnaren, som altså hamnar på framsida av maiutgåva.

- Når eg fyrst har komen så langt, hadde det vore moro å vinne, seier 24-åringen, som aldri har vore med på noko liknande tidlegare.

- Uansett er eg ei erfaring rikare. Det er ikkje kvar dag ein er med på slikt, seier Karoline Kolsrud.

Avstemminga er ope til og med fredag 12. mars.

Det er førebels ikkje sagt noko om når vinnaren blir offentleggjort.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:08 | http://www.hallingdolen.no/kultur/article140076.ece

annonse
annonse
annonse
annonse