Paperboys får framleis opp stemninga med fjorårets store sommarhit «Lonesome traveller». Det viste seg nyleg under Spellemannspris-showet på TV2 sist helg. Laurdag 13. mars kjem «Vinni» og «Paven» til Hemsen. Dei blir neppe einsame vandrarar då heller. Hemsen er så godt som heimebane for Ole Alexander Halstensgård frå Geilo.
Paperboys avslutta fjorårets turné i desember. Etter den tid har dei arbeidd med nytt materiale. Halstensgård røpte nyleg for Hallingdølen at dei har tru på å kapre sommarlyden nok ein gong. Ein skal ikkje sjå bort frå at det kan bli ein liten sniklytt på nye låtar alt denne helga. – Men det blir ikkje ein ny «Lonesome traveller», sa han.
Halstensgård har også nettopp landa etter ein Europaturné med kultbandet Ulver. I desse dagar er han og Vinni på ein mini norgesturné saman med P4 og Kreftforeningen under namnet «Vinterlyd». Også denne turneen kjem innom Hemsedal. I år vil namn som A1, Wig Wam og altså Paperboys opptre på utescenen i Hemsedal Skisenter. Det skjer laurdag 27. mars. To veker før det kjem altså papirgutane til Hemsen. Då har dei scenen heilt for seg sjølv.
RSS
KONTAKT OSS

Laurdag kjem Paperboys til Hemsen. Kanskje har dei ein ny sommarhit med seg i bagasjen?