Platedebut på dialekt
Per O. Noss har late seg inspirere av folketonar og fanitull i 20 år.
Måndag 8. mars har platedebutant Per O. Noss sleppfest på Nigardsstugu i Ål.
Bokhandelen Perstølen klarte ikkje vente og har alt lagt plata ut for sal. Seinare står Radio Hallingdal, NRK Buskerud og «God Morgen Norge» på TV2 for tur.
Høyr smakebitar frå debutplata til Per O. Noss på Myspace.
Dei neste fem vekene tek Per O. Noss ut ferien sin. Den blir investert i lanseringa av cd-en «Hallingdølens kniv». Går alt som det skal, vil han setje sitt preg på påska.
Singelen «Kjeringi» har sidan den kom ut påska i fjor, fått radiospeling på 30 radiostasjonar. I år kan kanskje også «Te fjells» bli ein påske-hit.
– Eg har laga musikk som eg likar, men plata er blitt ein mjukare produksjon og meir akustisk enn eg hadde trudd, seier Noss.
Han har ikkje sikta seg inn på ei spesiell målgruppe. Til no har han likevel fått eit meir vakse publikum enn venta.
– Det er nok mykje på grunn av dialektbruken. Hadde eg sunge på engelsk, ville eg måtta konkurrere med svært mange i same sjanger, seier Per O. Noss.
Cd-en har ti låtar. Fleire lokale har bidrege. Søstrene Bøygard er med på koring på eit par spor. Arne Moslåtten, Bjørn Kvinnegard, Håvard Gryting, Bjørn Gunnar Sando er andre namn som er med.
«Svigermor» er ein tradisjonslåt med bidrag frå Ola Stave.
Fleire av låtane er spelt inn i Tor Magne Hallibakken sitt studio på Svenkerud. Terje Bjørnsen står bak det fotografiske. Den svenske kjendisprodusenten Björn Engelmann har mastra plata i Cutting Room i Stockholm.
" />
RSS
KONTAKT OSS
