Fredag 30.juli 2010
Hagaled gjestegård.
Idyllisk: Det osar historie på Hagaled.
FOTO: Arne O. Lindahl

Heider for restaurering av Hagaled

Idylliske Hagaled gjestegård er heidra av nesningane.

Fontstørrelse A A A

Folk har stemt fram Hagaled og aktivt vore med og påverka valet som byggeskikknemnda gjorde.

Leiar i nemnda, Hans Tørrisplass, overrekte Byggeskikkprisen til ekteparet Sigrunn Bæra Svenkerud og Tollef Svenkerud på juleavslutninga til kommunestyret torsdag kveld.

Gammal gard

Det er dei som har restaurert og som driv Hagaled, ein plass med ei historie heilt tilbake til 1600-talet.

– Det er gjort eit omfattande restaureringsarbeid her, og ein svært god jobb. Tunet på Hagaled er ei perle som minner oss om kontinuiteten mellom generasjonane, sa Tørrisplass.

Takka forfedrane

Sigrunn Bæra Svenkerud og Tollef Svenkerud tok over garden Søre Devegge tidleg på 1990-talet.

Devegge har god klang i Nes-historia. Nokre generasjonar seinare er det Sigrunn og Tollef som førar arven vidare.

– Det er fleire staselege bygningar frå 1600-talet på garden som vart bygd etter god tradisjon og byggeskikk. I 1910 vart det sett opp ein stor hovudbygning, sa Sigrunn Bæra Svenkerud.

Ho takka dei som har vore på garden før dei gjennom 400 år.

Omfattande arbeid

Ho fortalde at det meste let seg føre tilbake til dei opphavlege.

Målet med restaureringsarbeidet har vore å gjere minst mogleg inngrep, og finne fargar som harmonerer med huset, tida og interiøret. Det er utvikla ein god komfort på gjestegarden utan å øydeleggje den autentiske stemninga. Dei har investert mykje tid og pengar i restaureringa av garden. Den er ein gard med sjel. Sjølv har ho skifta beite, frå å vere lærar til vert. Hagaled er ein populær både for selskap og overnatting. No opplever dei at folk frå alle verdshjørne kjem dit.

– Men å få ein slik heider frå heimbygda for det me har bygd opp, betyr veldig mykje for oss, sa Sigrunn Bæra Svenkerud.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:13 | http://www.hallingdolen.no/kultur/article112433.ece

annonse
annonse
annonse
annonse