Fredag 12.mars 2010
Bygda dnaser.ProsjektleiarMarthe Frihetsli og Martin Myhr.
Byr opp: Martin Myhr og Marte Frihetsli dreg på danseturné til skulane.
FOTO: Arne O. Lindahl

Dreg på danseturné

Prosjektet Danseru’ skal få ungdom ut på dansegolvet.

Fontstørrelse A A A

Det er Martin Myhr frå Torpo som saman med Marte Frihetsli byr opp til dans.

I løpet av januar får ti vidaregåande skular i Buskerud besøk av danseduoen.

Elevane får ein smakebit på ulike dansetradisjonar frå fylket. Det blir både runddans og bygdedans.

Tysdag 19. januar kjem danseprosjektet til Ål vidaregåande skole, og dagen etter går turen til Gol vidaregåande skule.

Danseru’ er buskerudvarianten av Bygda dansar, eit nasjonalt rekrutteringsprosjekt for norsk folkedans.

Prosjektet varar i tre år, og blir arrangert fylkesvis.

Målgruppa er ungdom i vidaregåande skule.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 12.03.10 kl. 14:46 | http://www.hallingdolen.no/kultur/article111797.ece

annonse
annonse
annonse
annonse