Fredag 12.mars 2010
Vamp spelte i Ål kulturhus 16. november 2008. To konsertar etter kvarandre.
Utselt: Vamp kjem til Iungsdalen i august. Biletet er frå konserten deira i Ål kulturhus i november 2008.
FOTO: Kjersti Elverum Kvile

Vamp utselt på få minutt

Billettane til Vamp-konserten i Iungsdalen var rivne bort i løpet av eit kvarter.

Fontstørrelse A A A

21. august blir tidenes andre Leikskei i Skarvheimen arrangert ved Iungsdalshytta.

Fredag klokka 08 vart det lagt ut 500 billettar til konserten med Vamp og arrangementet Leikskei.

Trøkket på telefon, internettsida og i skranken på Ål kulturhus var enormt.

Klokka 08.15 kom beskjeden om at billettane var utselt.

– Det er vanskeleg å seie akkurat når det var utselt, men det var nok rundt kvart over åtte, trur kulturhusleiar, Thor Olav Fjellhøi.

Fjellhøi fortel at dei skjønte at det kunne bli stor pågang. Konseptet Leikskei er populært, og bandet Vamp trekkjer alltid mykje folk i Hallingdal.

Allereie klokka 06.45 stod dei ivrigaste billettkjøparane i kø ved kulturhuset.

Dei fleste som hadde møtt opp før salet opna fekk kjøpt billett, men seinare på dagen måtte fleire snu i døra.

Ikkje sidan riverdance-feberen herja har kulturhuset opplevd slik pågang på billettar.

– På den eine sida er det utruleg gøy, men samstundes fører det med seg at ikkje alle som vil får billettar. Slik er det, seier Fjellhøi.

– Kvifor legg de ikkje ut fleire enn 500 billettar?

– Me meiner at 500 billettar er det som er forsvarleg for å få eit kvalitetssikra arrangement, seier Thor Olav Fjellhøi.

I fjor opplevde 350 publikummarar Kari Bremnes. Ein har auka med 150 billettar, og meiner det er så mange ein kan få plass til ved Iungsdalshytta utan at folk må stå veldig trongt.

Leikskei er eit arrangement som byr på musikk, mat og natur.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 12.03.10 kl. 03:20 | http://www.hallingdolen.no/kultur/article111468.ece

annonse
annonse
annonse
annonse