Fredag 30.juli 2010
Hellbillies sikrar økonomien sin etter oppgjeret med Gjensidige. Til sommaren er det klart for ny storturne.
FOTO: Abelone Ågotnes Eiklid

Hellbillies-oppgjeret klart

Hellbillies og Gjensidige er samde om oppgjeret etter skadeavbrekket i sommar.

Fontstørrelse A A A

Få dagar før jul vart det sett endeleg strek i forsikringsoppgjeret etter den fatale ulykka i Skippagurra i Finnmark 3. juli. Det inneber millionerstatning til Hellbillies.

– Me har inngått forlik. Det er godt å kunne legge denne saka bak seg, seier manager Kjell Ove Torkildsen på vegner av Hellbillies.

Aslag Haugen trødde utfor ei usikra scene under konserten i Skippagurra. Resultatet kjenner me. Haugen knekte begge armledda og pådrog seg alvorleg nakkebrot.

Skaden sette Hellbillies ut av spel. Gruppa hadde berre så vidt starta på sommarturneen då ulykka skjedde.

Heldigvis har det i ettertid gått bra med Aslag Haugen. I haust har han trena seg opp att, og over nyttår begynner arbeidet med ny plate i studio.

I 2008 hadde Hellbillies ANS ein omsetnad på 10,6 millionar kroner og 12-13 mann på lønningslista.

Derfor hadde det konsekvensar for mange då den vidare turneen i sommar måtte avlysast.

Gjensidige aksepterte i haust at arrangøren i Finnmark var aktlaus då scena ikkje var betre sikra. Det opna for erstatning for Hellbillies.

I ettertid har det likevel vore ei viss usemje om storleiken på oppgjeret.

– Eit tap må me ta, men me har langt på veg fått gjennomslag for kravet vårt, fortel Kjell Ove Torkildsen.

Partane vil ikkje kommentere innhaldet i avtalen. Men etter det Hallingdølen forstår dreier oppgjeret seg om fleire millionar kroner.

– Usikkerheit er energikrevjande. No kan me konsentrere oss fullt og heilt om det som skal skje framover. Det er me veldig glade for, seier Torkildsen til Hallingdølen.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:22 | http://www.hallingdolen.no/kultur/article109079.ece

annonse
annonse
annonse
annonse