Spelemennene sluttar fred
22 år etter at Landslaget for Spelemenn delte seg i to organisasjonar etter hard strid om gammaldansen, er alt fryd og gaman.
No samlar alle seg i ein ny felles organisasjon for folkemusikk og folkedans.
«Folkemusikk- og Folkedansorganisasjonen i Norge» er det førebelse namnet på den nye organisasjonen. Såpass formtungt og overforklarande er det, at det alt no er utlyst namnekonkurranse. Målet er å få fram eit godt og fengjande namn til neste årsmøte.
– Det viktigaste på kort sikt er å gjennomføre det flotte arbeidet dei to organisasjonane har lagt ned i å førebu ei felles plattform for det nye laget.
Den nyvalde leiaren for spelemenn, kvedarar og dansarar, Maria Høgetveit Berg (68), tvilte ikkje lenge då ho vart spurt om å stille som leiarkandidat.
– Eg har vore pensjonist i eitt års tid, og var i grunnen veldig klar for nye oppgåver, fortel ho. – Dessutan trur eg det er viktig med ei brei alderssamansetjing av styret, ikkje minst i den fasen vi går inn i no. Det er viktig å ha med seg historia når folkemusikkrørsla skal finne saman att.
Maria Høgetveit Berg er tidlegare kultursjef i Ål i Hallingdal, og eit velkjent namn i folkemusikkrinsar. Ho har vore aktiv både i Landslaget for Spelemenn (LfS) og i Norsk Folkemusikk- og Danselag (NFD) og mykje brukt kappleiksdommar. Og ho var også den første kvinnelege leiaren i Noregs Mållag.
Side om side
Sjølv om «utbrytarane» i NFD i medlemstal har vore få heile tida, har dei gjort mykje av seg i praktisk arbeid, og har slik sett stått fram med pondus og vunne prestisje i alle leirar.
Dei to organisasjonane, LfS og NFD, har i praksis arbeidd side om side, og særleg dei siste åra hatt eit omfattande samarbeid om dei fleste spørsmål.
Samanslåinga no kjem difor som ein logisk konsekvens av ei utvikling som har pågått lenge.
Ny administrasjon
Høgetveit Berg har alt hatt det første møtet med dei tilsette, i alt 7,5 årsverk, og seier at ho har ei svært god kjensle for vegen vidare.
– Alle dei tilsette er sikra jobb. Og vi skal sjølvsagt lysa ut jobben som dagleg leiar snart. Elles har vi eit godt arbeidsutval der eg mellom andre har med meg dei to tidlegare leiarane i LfS og NFD. Det vi er i gang med no er å få oversikta over kva vi driv med i dag, og kva vi ønskjer vi hadde hatt meir tid til å satse på, seier Maria Høgetveit Berg.
Folkemusikk i endring
På mange måtar har vilkåra for folkemusikken endra seg meir dei siste 22 åra enn nokon gong før i historia. Kulturpolitikken har gjennom auka driftstilskot til organisasjonane, satsinga på kulturskulen og ikkje minst festivalane skapt gode tilhøve for opplæring, og ei rekkje nye arenaer for folkemusikken.
Sidan tidleg 90-tal har det også for første gong vore mogleg å studere folkemusikk på universitets- og høgskulenivå. Dette har skapt ein ny generasjon av profesjonelle utøvarar og høgrøysta representantar for eit miljø som har vore vane med å vera nøgde med lite.
Elite og breidd
– Er det ei ekstra utfordring å skulle laga ein organisasjon både for dei profesjonelle og amatørane, både for breidd og elite?
– Eg har lyst til understreka kor flott det er at det ikkje har vorte nokon konflikt mellom amatørar og profesjonelle, seier Berg.
– Eg trur personleg at Landskappleiken har mykje av æra for dette! Det er ein felles arena for alle, og fungerer som olje i maskineriet vårt. I motsetnad til tidlegare tider er eliten heller ikkje avhengig av Landskappleiken og kappleiksystemet som den einaste arenaen for å få vist seg fram. Vår eiga nyskaping, det årlege Folkelarm, er eit eksempel på dette, i tillegg til alle festivalane, Riksscena og alle folkemusikkscener rundt om. Slik sett har dei profesjonelle mange andre arenaer i dag, også for annan organisasjonstilknyting.
– Men kva er viktigast?
– Me er uinteressante som organisasjon dersom me ikkje tek vare på breidda i amatørmiljøet. Samtidig er det viktig at dei profesjonelle er med oss. Men det viktigaste er underskogen. Det er derifrå dei kjem, dei som blir profesjonelle også, seier Maria Høgetveit Berg.
Musikken
Etter kvart har det vakse fram små særlag drivne av entusiastar, for dei som spelar bukkehorn, for munnharpe-elskarane og for kvedarane. Alle er bekymra for korleis den nye organisasjonen vil ta vare på akkurat det dei sjølve brenn mest for.
– Det er vel fyrst og fremst musikken som er utgangspunktet og kjelda for det vi driv med, ikkje kva slag instrument det blir spelt på, seier Mari Høgetveit Berg.
– Slik verka det ikkje for 22 år sidan, då eitt nytt lag vart skipa på grunn av krangel om trekkspelet som folkemusikkinstrument?
– Det meste har endra seg sidan den gong, og dei fleste har nok lært ein del sidan den gongen og, smiler den nye leiaren for folkemusikk-Norge. (©NPK)
RSS
KONTAKT OSS
