Togorgie på fjernsyn
I oktober vart togturen frå Bergen til Oslo filma. Det blir vist uavkorta på fjernsyn fredag.
Fredag fyller Bergensbanen 100 år, og då blir heile turen vist på NRK 2.
– Heile programmet vil vare sju timar og seksten minutt, forklarar Rune Møklebust, programsjef i NRK Hordaland, som har laga programmet.
I tillegg til at dei viser dokumentaren ein historisk dag, blir dokumentaren historisk: Aldri tidlegare har det vore laga ein lengre dokumentar i Norge.
Tunnelinnslag
9. oktober filma dei. Turen gjekk med det vanlege dagtoget, i flott haustvêr.
Eit kamera stod fast ved sida av lokføraren, eit filma ut til kvar side og eit fjerde kamera og ein reporter sprang rundt på stasjonane.
På Ål stasjon fekk dei med seg bytte av lokførar. Men sidan toget var nokre minutt forseinka inn på stasjonen, var det ikkje tid til mykje hyggeprat.
Når toget køyrer gjennom tunnelar, vil dei vise arkivbilete frå Bergensbanen. I tillegg vil ein sjå klypp frå både «Bergenstoget plyndret i natt» og radiointervju med rallaren Martin Gjerde, som var med og bygde banen.
Togorgie
– Kjem folk til å gidde å sjå eit så langt program?
– Det blir det ikkje så monotont som ein kanskje skulle tru. Frontkameraet vil vera i biletet heile tida, men det vil også skje forskjellige ting i fjernsynsruta samtidig. Dette blir ein orgie for togentusiastar, seier Rune Møklebust.
Han peikar på at sjølv om dette er nytt i Norge, finst det ein eigen kanal i Tyskland som viser slikt til vanleg.
– Var det lett å få gjennom konseptet?
– Det starta som ein vill ide. Utfordringa var at folk berre lo av det fyrst, før eg rakk å forklare. Men så diskuterte me det meir, og til slutt vart det bestemt at me skulle gjera det, seier Rune Møklebust.
RSS
KONTAKT OSS

