Hellbillies fekk pris
Måndag fekk medlemmane i Hellbillies endå eit trofé til peishylla.
Ålingane var blant prisvinnarane då Fond for utøvande kunstnarar (FFUK) måndag delte ut Rolf Gammleng-prisen til artistar i ulike kategoriar.
Hellbillies vann i kategorien for rock/roots-musikk, og fekk med seg 40 000 kroner i prispengar.
Rolf Gammleng-prisen har namn etter stiftaren av FFUK, og har vorte delt ut kvart år sidan 1982.
I juryen si grunngjeving skriv dei mellom anna at bandet «har vidareført den amerikanske countryrocken til norske forhold, takket vere bevisst bruk av tekster på dialekt» og at dei «vidarefører arven frå amerikansk countryrock og cowboykultur, og sameiner denne med sine eigne røter i norsk folklore og hverdagsliv.»
Hellbillies var i godt selskap då til saman åtte artistar/grupper og to sceneutøvarar fekk pris.
Blant dei andre på lista var mellom anna Jahn Teigen, som fekk veteranprisen og Ane Brun, som vann i visekategorien.
Fondet si grunngjeving:
«Countryrockbandet Hellbillies er frå Ål i Hallingdal og ble dannet i 1990.
De har klart å overføre den amerikanske countryrocken til norske forhold, takket vere bevisst bruk av tekster framført på dialekt. Hellbillies vidarefører arven frå amerikansk countryrock og cowboykultur, og sameiner denne med sine eigne røter i norsk folklore og hverdagsliv. Gjennom sine plater har gruppa klart å skape et norsk motstykke til den amerikanske grasrotkulturen. Musikken og stilen er i all hovudsak amerikansk, men tekstene speglar av norsk bygdekultur og tradisjonar. Det meste av materialet lagast av Aslag Haugen og Arne Moslåtten, og arrangeres av Lars Håvard Haugen. Hellbillies har gitt ut 10 CD’er pluss en samleplate.»
PRISVINNARAR
- Veteranprisen: Jahn Teigen – Tønsberg/Oslo
- Open klasse: Malika Makouf Rasmussen – Oslo
- Klassisk: Håkon Austbø – Oslo
- Jazz: Finn Sletten – Bodø
- Viser: Ane Brun – Molde/Stockholm
- Rock/Roots: Hellbillies
- Studiomusikarar: Kåre Christoffer Vestrheim – Oslo, Dorthe Dreier – Bærum
- Skodespelar: Monna Tandberg – Oslo
- Dansar: Richard Suttie – Bærum
RSS
KONTAKT OSS
