Rådmann Hege Mørk i Gol. (Arkivfoto)
Rådmann Hege Mørk i Gol. (Arkivfoto)

Gol kommune baud 6,9 millionar

Rådmann Hege Mørk er skuffa og overraska over at ikkje kommunen fekk tilslaget.

Dalføret har vore kjerneområdet for aktiviteten til Gol Jeger og Fiskerforbund (Gol JFF). I meir enn 30 år har laget leigd jakt- og fiskerettane og disponert to hytter i området. Av omsyn til friluftsinteressene, var det i Gol tverrpolitisk semje om at kommunen skulle prøve å sikre seg skogen.

– Kommunen baud 6,9 millionar kroner. Likevel fekk me ikkje tilslaget på Dalføret, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje rådmannen vart den opne bodrunden avslutta då prisen passerte 8 millionar kroner.

– Då hadde skogen kome opp i ein pris som truleg ikkje ville blitt godkjent under konsesjonsbehandlinga, seier Mørk.

Kjøpar må søkje konsesjon innan seks veker. Fyrst då vil namn og storleik på bodet bli kjend. Sidan kommunen er ein av bodgjevarane, er det Fylkesmannen i Buskerud som skal vurdere konsesjonssøknaden. Mørk er spent på korleis Fylkesmannen vurderer prisen.

– Sjølv taksten på 5,6 millionar er høg sett i forhold til det kjøparen kan hente ut av verdiar frå skogen, seier ho.