annonse

BMW ladar opp - hybridane kjem

LADBAR
LADBAR: BMW satsar på ladehybridar. 330e er éin av tre nye variantar som kjem på marknaden neste år. (Foto: Produsenten)

+ Over 30 prosent av nye registrerte BMW-ar i Noreg såg langt i år er ladehybridar.

  • Morten Abrahamsen

I 2019 fyller produsenten på med fleire ladehybridmodellar.

Den nye 3-serien kjem til våren, litt seinare blir presentert 330e, med ein samla effekt på 252 hestekrefter og ein WLTP-rekkevidde på seks mil med elmotoren.

Ein ny X5 har akkurat komme, og i andre halvår av 2019 kjem X5 45e. Total effekt er 394 hestekrefter, og batteriet er på 18,4 kWh, noko som gir ei elektrisk rekkevidd på åtte mil.

I tillegg er det planlagt ein ladehybrid, X3. Her er ikkje spesifikasjonane klare, men BMW seier han skal på marknaden i 2019. (NPK)