Nokre enkle grep skal forlengje levetida på vinterdekka.
Nokre enkle grep skal forlengje levetida på vinterdekka.

Vinterdekktips

Dekkprodusenten Nokian har nokre tips for korleis ein kan forlenge levetida på vinterdekka.

– I garasjen kan temperaturen vere pluss 10 grader, medan utetemperatur kan vere minus 20. Temperaturane om vinteren kan vere varierande. Lufttrykket i dekka minskar med 0,1 bar kvar gong temperaturen går ned med 10 grader. Det er derfor smart å auke lufttrykket med 10 prosent frå anbefalinga frå bilprodusenten for å vere førebudd. For lågt lufttrykk er den verste fienden til dekket, seier Fredrik Hauge, produktsjef hos Nokian Dekk AS. (©NPK)