Nikola One går på hydrogen og slepper berre ut vassdamp.
Nikola One går på hydrogen og slepper berre ut vassdamp.

Trailer på hydrogen

Det amerikanske selskapet Nikola Motor Company viste nyleg modellen One for første gong, ei trekkvogn som går på hydrogen.

Selskapet seier i ei pressemelding at køyretøyet skal ha ytingar som svarar til meir enn 1000 hestekrefter og 2.710 newtonmeter i dreiemoment, meir enn det dobbelte av kva ein finn i dagens semitrailerar.

Nikola One skal ha ei rekkevidde på 130 til 190 mil mellom kvar hydrogenfylling, som er oppgitt til å ta 15 minutt. Utsleppet frå ein motor som går på hydrogen er vassdamp, og rekkevidda seiast å vere langt betre enn hos tilsvarande køyretøy som går på diesel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei skal så langt ha fått førehandsordrar verdt 25 milliardar kroner.

Når køyretøyet faktisk vert sett i produksjon, er førebels uklart, sidan fabrikken ikkje er bygd.

– Nikola skal byggje ein avansert fabrikk i verdsklasse, som vil skape tusenvis av nye jobbar, sa grunnleggjar og konsernsjef Trevor Milton.