Vel ein sedanutgåva, er ein ein av få. Berre 10 prosent av Superb-kundane vel den framfor stasjonsvogna.
Vel ein sedanutgåva, er ein ein av få. Berre 10 prosent av Superb-kundane vel den framfor stasjonsvogna.

Sprek fornuft

Den nye Skoda Superb ser langt friskare ut enn modellen den erstattar. Førre utgåve var ein bil som designmessig var svært nøytral. Markerte linjer og ein skarpare front får modellen ut av gøymselen.

Sjølv om Skoda Superb er oppdatert utsjånadsmessig, er ikkje dette ein bil der det ytre er salsargumentet. Her er det så definitivt dei indre verdiane som tel. Superb verkar større innvendig enn utvendig. Den passar for den plasskrevjande familien, som vil ha ein superfornuftig bil der ein bokstaveleg talt får mykje for pengane.

Men ei av Superb-utgåvene utfordrar faktisk litt av fornuftsfokuset. Det er den vi testar her – ein sedan med 280 hestekrefter, firehjulstrekk og den heftigaste utstyrspakken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Startprisen på 624.000 kroner er eit stykke unna det ein tenkjer på som Skodas økonomiske heimebane. Under panseret ligg Volkswagen-konsernets 2-liters bensinmotor, som ein kjenner igjen frå Golf GTI og ikkje minst Golf R. I sistnemnde er det teke ut 300 hestekrefter, og det er ein genuint rask og festleg bil.

Superb-ein er faktisk berre nokre kilo tyngre, så då er det grunn til å ha store forventningar når det gjeld eigenskapar på moroskalaen. Dette kan vere ein skikkeleg luring, ein superpraktisk familiebil med massiv plass som i tillegg kan servere ei frekk køyreoppleving.

Størrelsen tyngar

Så å seie same motor er i Golfen ei knatrande knallperle, i Superb-ein er lyden langt meir dempa. Skoda har med andre ord ikkje ønskt å ta det heilt ut sportsleg, bilen skal openbert vere litt meir kultivert enn slektningen sin. Det tek den også med seg ut på vegen.

60 prosent av alle Superb blir selde med firehjulstrekk.
60 prosent av alle Superb blir selde med firehjulstrekk.
Sedanutgåva har stor bakluke, med minst like god tilgang til bagasjen som ei stasjonsvogn.
Sedanutgåva har stor bakluke, med minst like god tilgang til bagasjen som ei stasjonsvogn.
Interiøret er funksjonelt, med ein logikk som er gjennomgåande i alle modellane til Volkswagen-konsernet.
Interiøret er funksjonelt, med ein logikk som er gjennomgåande i alle modellane til Volkswagen-konsernet.
Bilen her har utstyrsnivået Sportline, som blant anna  inneber feitare felgar, sportsunderstell, køyreprogram, sportssete og svarte dekordetaljar.
Bilen her har utstyrsnivået Sportline, som blant anna  inneber feitare felgar, sportsunderstell, køyreprogram, sportssete og svarte dekordetaljar.
Skoda Superb er ein temmeleg stor bil, 486 centimeter lang, i tillegg er den innvendige plassen svært godt utnytta.
Skoda Superb er ein temmeleg stor bil, 486 centimeter lang, i tillegg er den innvendige plassen svært godt utnytta.
Med 280 hestekrefter under panseret er det sjølvsagt ein liten spoiler på hekken.
Med 280 hestekrefter under panseret er det sjølvsagt ein liten spoiler på hekken.
Både form og dørløysingar er av den typen som ein gong i tida heitte kombicoupé.
Både form og dørløysingar er av den typen som ein gong i tida heitte kombicoupé.

Sprek er den, men ikkje spesielt involverande. Noko av skulda skal nok størrelsen til bilen ha, ved at han er nær 30 centimeter lengre enn ei Golf stasjonsvogn og har ein akselavstand på vel 20 centimeter meir. Det tek nok bort ein del av smidigheita, men sjølve motorstyringa er også mindre heftig.

Det Superb i denne versjonen har blitt, er ein stor og sprek bil, ein familiebil med styrke. Ein bil som er heftigare enn ein skulle tru ved første augekast, men som likevel kjennest litt som ei moglegheit som glapp.

Stort bagasjerom

No er det ingen grunn til å tru at det er særleg mange Superb-kundar som i det heile tatt vurderer denne utgåva, dei kjem derimot for å sjå på det andre karosseriet og heilt andre motoriseringar. 90 prosent av Superb-kundane vel stasjonsvognutgåva.

Samtidig er det eigentleg ikkje nokon veldig stor grunn til å gjere det. Bagasjeplassen i sedanen er berre 35 liter mindre, den byr på 625 liter, noko som bør vere nok. I tillegg har den også stor bakluke, for dette er nemleg det ein i gamle dagar kalla ein kombicoupé. Det gjer at pakking er like enkelt som i ei stasjonsvogn.

Interiøret er veldig ryddig, ganske likt det ein finn i Volkswagen, men ikkje så heftig og digitalisert som det dei nyaste Audiane byr på. Det stemmer godt overeins med hierarkiet innanfor Volkswagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Anonym familieracer

Superb i versjonen som er testa her, er kanskje ikkje heilt overbevisande som ein sportsleg bil, men den har samtidig eit ess i ermet. For trass sitt familiebil-image gjer den null til hundre på berre 5,8 sekund. Langturar blir ytst behagelege, med krefter i massevis. Forbikøyringar går fort og trygt, og komforten er stroken takka vere den lange akselavstanden.

Viss ein likar litt musklar i ein bil, men av ein eller annan grunn ikkje føler at det passar seg å vise det, er det vanskeleg å finne ein meir anonym kvikkas enn ein Superb med 280 hestekrefter.

Det kan jo nemnast at ein Audi A6 med 204 hestekrefter kostar omtrent det same, så leitar ein etter fornuft i det litt spreke familiesegmentet, er svaret gitt.

Pris: 624.900.-

Pris testbil: 716.000.-

Motor: 4 syl. Bensin. Turbo. 1984 ccm. 280 hk v. 5600 o/min. 350 Nm v. 1700 o/min.

Aks: 5,8 sekund

Toppfart: 250 km/t

Forbruk: 0,69 l/mil (blanda)

Utslepp: 160 gram/kilometer CO2. 19,1 milligram/kilometer NOx.

Mål (LxBxH): 4861/1864/1468 millimeter

Bagasjerom: 625/1760 liter

Eigenvekt: 1540 kilo

Tilhengjarvekt: 2200 kilo