Den nye Audi Q5 kjem til våren.
Den nye Audi Q5 kjem til våren.

Q5 med norske prisar

Audis familie-SUV, Q5, er straks klar i ei ny utgåve og har fått norske prisar.

Ved introduksjonen er det to motorutgåver som er tilgjengelege. To liters diesel med 190 hestekrefter, i ein modell med firehjulstrekk og S tronic automatgir, kostar frå 602.000 kroner. Bensinalternativet er ein toliter som yter 252 hestekrefter og startar på 740.000, også den med quattro og S tronic.

– Vi har store ambisjonar for den nye Q5-en, som har fått meir innvendig plass, meir teknikk og samtidig redusert vekt. Vi er trygge på at han kjem til å grunnfeste posisjonen som ein av våre desidert mest selde modellar. Målet er å selje eit firesifra tal Q5 i den norske marknaden, seier Harald Edvardsen-Eibak, direktør for Audi i Norge, i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bilen skal mellom anna kunne leverast med adaptive luftfjøringar og Audis nye infotainmentsystem.

Dei første kundebilane er venta til Norge på vårparten.