Volkswagen gir bestseljaren Golf ei midtlivsoppdatering.
Volkswagen gir bestseljaren Golf ei midtlivsoppdatering.

Oppdatert Golf

Dagens Volkswagen Golf har vore på vegen sidan 2012, og er no moden for ei oppdatering.

– Den nye Golfen markerer byrjinga på den største produktoffensiven i Volkswagens historie, seier Herbert Diess, styreformann i Volkswagen, i ei pressemelding.

Blant nyheitene er bevegelsesstyrte funksjonar, ein drygt ni trommers stor skjerm og semiautomatisk køyring opp til 60 kilometer i timen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vårt hovudfokus har vore på ein heilt ny generasjon infortainmentsystem og tilkoplingsmoglegheiter.

Diess seier at ingen andre bilar i segmentet skal vere sikrare eller meir digitalt tilpassa.

Den vil bli tilgjengeleg med blant anna ein 150 hestekrefters bensinmotor, som har sylinderkutt for å spare drivstoff, medan GTI-utgåva får litt meir hestekrefter. Han kjem i to utgåver på 230 og 245 hestekrefter. Etter kvart vil også dagens sekstrinns DSG-automatgirkasse bli erstatta av ein sjutrinns. Den elektriske e-Golf vil få utvida rekkevidda til 30 mil.

Salsstart er i desember, og dei seier prisane skal vere lik dagens modellar. (©NPK)