Kia har treft godt med designen på Optima stasjonsvogn. Det er ikkje mange tilsvarande familiebilar som gjer seg like bra i oppkøyringa.
Kia har treft godt med designen på Optima stasjonsvogn. Det er ikkje mange tilsvarande familiebilar som gjer seg like bra i oppkøyringa.

Når det ytre er mest viktig

Kia Optima Sportswagon er blitt ein stilig bil, men det køyremessige følgjer ikkje heilt opp.

For første gong er Kias familiebil Optima tilgjengeleg som stasjonsvogn, og det er blitt ein svært lekker bil. I utgangspunktet er Optima ein heilt grei sedan, men i denne utgåva har dei verkeleg utnytta linjene i stasjonsvogna, som dei har kalla Sportswagon. Noko som dessutan er nesten det same som Alfa Romeo har kalla sine tilsvarande bilar.

Med fare for å provosere Alfa Romeo-anorakkane, ber Optima dette namnet med verdigheit. Bilen byggjer på eit konsept som vart vist på bilutstillinga i Genève våren 2015, eit konsept som nettopp vart samanlikna med modellar frå nemnde italienske produsent.

Artikkelen held fram under annonsen.

Masse utstyr

Produksjonsmodellen er litt meir dempa, men har med seg den same elegante taklinja og den hissige fronten og elegante hekken. Testbilen er i det som er kalla GT-line, som vil seie at han har litt raffare felgar og andre estetiske triks som skal få bilen til å sjå litt ekstra kul ut.

I tillegg har bilen ei svært omfattande utstyrsliste som kjem med GT-pakken. Her er alt frå oppvarma ratt til adaptiv cruise kontroll, adaptive lys, relativt stor peikeskjerm, eit bra stereoanlegg og alle moglege sikkerheitssystem.

Noko som er eit stort poeng når ein ser på prisen. For dette er ikkje lenger nokon billig bil frå ein annan verdsdel, det er ein familiebil som kostar 475.000 kroner. Prisen er høgare enn på mange av konkurrentane, men samtidig har han utstyr som ikkje er standard i mange av desse andre, slik at det truleg vil jamne seg ut når bilane vert matcha på utstyr.

Bagasjerommet har plass til 552 liter, omtrent som alle dei andre bilane i segmentet.
Bagasjerommet har plass til 552 liter, omtrent som alle dei andre bilane i segmentet.
Importøren seier at dei har vurdert at GT-versjonen med 245 hk blir for dyr for den norske marknaden, utan at dei har rekna nøyaktig på det. Dei seier samtidig at dei gjerne skaffar den om nokon ønskjer det.

I Norgevert Optima seld som sedan og stasjonsvogn med den same dieselmotoren. I tillegg får ein sedan som ladbar hybrid, han har totalt 205 hestekrefter og kostar 100.000 mindre enn testbilen.
I Norgevert Optima seld som sedan og stasjonsvogn med den same dieselmotoren. I tillegg får ein sedan som ladbar hybrid, han har totalt 205 hestekrefter og kostar 100.000 mindre enn testbilen.
Kia er inne i ein modelloffensiv. I 2016 har dei også lansert ein ny Sportage og den heilt nye modellen Niro.
Kia er inne i ein modelloffensiv. I 2016 har dei også lansert ein ny Sportage og den heilt nye modellen Niro.
Motoren byr ikkje på den heilt store køyreopplevinga, men han er drivstoffgjerrig.
Motoren byr ikkje på den heilt store køyreopplevinga, men han er drivstoffgjerrig.
Kia har ikkje valt å skyve hjula ut i hjørna, så Optima har ganske store overheng framme og bak.
Kia har ikkje valt å skyve hjula ut i hjørna, så Optima har ganske store overheng framme og bak.
Interiøret er brukarvennleg og kvaliteten viser seg å vere god. Likevel ikkje så digitalisert som ein finn i mange andre heilt nye modellar.
Interiøret er brukarvennleg og kvaliteten viser seg å vere god. Likevel ikkje så digitalisert som ein finn i mange andre heilt nye modellar.

På testbilen er det berre eitt tillegg til standardutstyret, metalliclakk.

God kvalitet

Optima Sportswagon er med andre ord ein svært velutstyrt og elegant bil, utvendig som innvendig. Organiseringa av funksjonane i interiøret kan minne om ein tysk bil, rett nok ikkje dei aller nyaste, men det er god orden og lett å bruke. Den opplevde kvaliteten er godt over middels, det same er seta.

Bilen leverer umiddelbart eit veldig godt inntrykk, som vert senka ein smule på vegen. Ikkje det at han er dårleg å køyre, men han er litt daff. Dieselmotoren byr på 141 sedate hestekrefter. Det gjenspeglast i null til hundre tid på vel 11 sekund. Med ein slikt utsjånad forventar ein meir, det blir som å spasere ein tur i full lycramundur.

Det kan jo nemnast at han i andre marknader finst med fleire motoralternativ, større såleis, heilt opp til 245 hestekrefter.

Normal

I Norge må me altså nøye oss med denne eine dieselutgåva. Som på den positive sida er drivstoffgjerrig, og i testbilen kopla til ei velfungerande dobbeltkløtsj girkasse. Bilen har fleire forskjellige køyreinnstillingar, sport verkar litt unødvendig, medan normal passar best til bil-eigenskapane. Han byr uansett på eit gjennomsnittleg nivå av køyreoppleving.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei negative tinga med Optima Sportswagon heng på sett og vis saman med det stilige ytre. Bilen ser heftigare ut enn han faktisk er, og gir eit betre førsteinntrykk enn han klarer å levere. Hadde han hatt litt meir krefter, ville det vore ein bil som kunne tilfredsstilt både estetikaren og bilentusiasten. No passar han best for dei som legg mest vekt på det ytre og mindre på dei indre eigenskapane.

Pris: 474.900.-

Pris testbil: 480890.-

Motor: 4 syl. Diesel. Turbo. 1685 ccm. 141 hk v. 4000 o/min. 340 Nm v. 1750 o/min.

Aks: 11,1 sekund

Toppfart: 200 km/t

Forbruk: 0,42 l/mil (landeveg), 0,52 l/mil (by), 0,46 l/mil (blanda)

Utslepp: 120 gram/kilometer CO2. 21,7 milligram/kilometer NOx.

Mål (LxBxH): 4.855/1.860/1.465 millimeter

Bagasjerom: 552/1.686 liter

Eigenvekt: 1560 kilo

Tilhengjarvekt: 1500 kilo