Moderne lastebilar slepper ut mindre NOx enn ein personbil.
Moderne lastebilar slepper ut mindre NOx enn ein personbil.

Lastebilar rensar lufta

Ifølgje Norges Lastebileier-Forbund (NLF) har moderne lastebilar eit så omfattande reinsesystem av dei faktisk kan bidra til å auka luftkvaliteten.

– Viss ein set det litt på spissen, kan ein seia at kvar barnehage og skule i Oslo burde ha ein Euro VI-lastebil ståande på tomgang utanfor, seier NLF-direktør Geir A. Mo, i ei pressemelding. – Når det er sterkt forureina i ein storby, kan dette vera tilfellet, seier Rolf Hagman, forskar i Transportøkonomisk Institutt, som har laga ein rapport på Euro VI-motorar. Euro-VI-teknologien som blei innført i 2014, og Euro VI-lastebilar, er særskilt unnateke frå dieselforbodet som blir innført i Oslo og andre byar på dagar med farleg høg luftforureining. Løysinga er at NOx-partiklane blir nøytraliserte av urea, som er ei blanding av ammoniakk og vatn, ifølgje Hagman. (NPK)