Elektrisk Berlingo. (Arkivfoto)
Elektrisk Berlingo. (Arkivfoto)

Gir til saman 50.000 i vrakpant

I statsbudsjettet som blei vedteke i byrjinga av desember, blei det bestemt at det frå nyttår blir gitt eit tilskot på 13.000 kroner ved kjøp av ny, utsleppsfri varebil.

I tillegg kjem den tradisjonelle vrakpanten på 3000 kroner.

Dette insentivet skal få folk til å byte frå bilar med bensin- eller dieselmotor til utsleppsfrie bilar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Citroën- og Peugeot-importør Bertel O. Steen seier at dei i tillegg vil gi 34.000 kroner til alle som kjøper ein elektrisk Peugeot Partner eller Citroën Berlingo, slik at summen totalt blir 50.000 kroner.

– I første omgang vil me at dieselbilar skal vrakast og bytast ut med elektriske. Vi trur dei som prøver desse bilane i yrkeslivet, vil bli overraska over kor godt dei fungerer og ikkje minst kor billige dei er i drift, seier Stian Gihle, PR- og informasjonssjef for Citroën og Peugeot i Norge. (NPK)