Volvo seier kundane faktisk brukar elmotoren i hybridbilane.
Volvo seier kundane faktisk brukar elmotoren i hybridbilane.

Folk ladar x90

Den norske Volvo-importøren har analysert den norske bruken av 400 av XC90 T8, som er ladbare hybridbilar.

Dei har henta inn data via diagnosesystemet til bilen, og det viser at opp mot 29 prosent av køyringa skjer med berre elektrisk drift, mens i 49 prosent av køyringa blir bensinmotoren brukt mindre enn 20 prosent av tida, det vil seia at han berre blir brukt ved raske akselerasjonar eller forbikøyringar.

– 2016 var året der politikarane viste handlekraft og bilavgiftene fekk den definitive grøne retninga si for lågare utslepp på norske vegar. Vi har no eit framtidsretta avgiftssystem som spelar på lag med teknologien, der miljøet blir premiert på ein effektiv måte, seier Øystein Herland, administrerande direktør i Volvo Car Norway, i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 2016 var 58 prosent av alle selde Volvo XC90 i Norge ladbare hybridar.