Christina Bu i Norsk elbilforening kan fortelje at dei har passert 40.000 medlemmer.
Christina Bu i Norsk elbilforening kan fortelje at dei har passert 40.000 medlemmer.

Elbilforeininga rundar 40.000

Norsk elbilforening har eksistert i 21 år, og med den eksplosive salsveksten av elbilar dei seinare åra har organisasjonen vakse seg stor. No har dei passert 40.000 medlemmer.

– Faktisk er foreininga etter 21 års verksemd større enn dei fleste politiske parti og alle miljøorganisasjonar, målt etter medlemstal, seier generalsekretær Christina Bu i ei melding.

Foreininga er den nest største bilistorganisasjonen i Noreg målt i medlemmer, etter NAF som er i ein eigen klasse med sine 500.000, rett føre Amcar med sine 37.000.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men i verdssamanheng er det ingen foreiningar for elbileigarar som er større enn Norsk elbilforening. Og vi merkar at vi blir brukt litt som foreininga for andre land også. Både ved at andre styresmakter i andre land kontaktar oss, og at vi blir spurt om råd ved oppstart av tilsvarande organisasjonar. Vi ser på oss sjølv som ein hybrid mellom ein bil- og ein miljøorganisasjon, seier Bu. (©NPK)