Bomveg.
Bomveg.

Bilistar må betale meir bompengar

Gjelda i dei norske bompengeselskapa er meir enn femdobla sidan 2002. Det betyr at bilistane her i landet må ut med meir pengar slår Transportøkonomisk institutt (TØI) fast.

– Gjelda har auka kraftig dei siste åra, og det er til sjuande og sist bilistane som må betale, seier assisterande direktør Kjell Werner Johansen i TØI tilP4.

Dei fleste vegprosjekt blir finansierte ved hjelp av bompengeselskap som tar opp store lån. Johansen anslår at gjelda i bompengeselskapa no er oppe i 50 milliardar kroner. Prognosar i statsbudsjettet som vart lagt fram i oktober, viser at gjelda er meir enn femdobla frå 2002 til 2016.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høg trafikkvekst og låge renter har gjort at høg gjeld har vore handterleg, men det er ein reell risiko for at dette endrar seg, ifølgje Johansen.

– Dersom rentene begynner å stige samtidig som trafikkveksten blir borte, vil ein fort komme opp i ein del vanskelege situasjonar rundt omkring, seier han. (©NPK)