Volkswagen Golf.
Volkswagen Golf.

Beste bilsal sidan 1986

I 2016 vart det registrert 154.603 nye personbilar i Norge.

Det er ein auke på 2,6 prosent samanlikna med året før, og det tredje beste salsåret gjennom tidene etter 1986 (167.352) og 1985 (159.079), ifølgje Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV). Største merke vart Volkswagen, noko dei har vore sidan 2010. Dei har aldri hatt eit høgare tal enn i fjor, med 26.574 bilar. Nest størst var Toyota med 17.453 bilar. På tredjeplass kom BMW som for første gong er på pallen, med 12.098 bilar. Volkswagen Golf var den mest populære bilmodellen med 13.148 einingar, framfor Mitsubishi Outlander (5687) og Toyota RAV4 (4955).